Hosea 1:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»

6. Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne Lo Ruhamá, ‘ikkje miskunn’! For eg vil ikkje lenger visa Israels hus miskunn og ikkje tilgje dei.

7. Men Judas hus vil eg visa miskunn. Eg vil frelsa dei ved Herren deira Gud, men eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og ryttarar.»

8. Då ho hadde vant av Lo Ruhamá, vart ho med barn att og fekk ein son.

9. Herren sa: «Kall han Lo Ammí, ‘ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje her for dykk.»

Hosea 1