1. Herrens ord som kom til Hosea, son til Beeri, i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, og i dei dagane då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.
2. Herrens første ord gjennom Hosea. Herren sa til Hosea: «Gå og få deg ei horkvinne og horeborn! For landet horar seg bort frå Herren.»
3. Og han gjekk og tok Gomer, Diblajims dotter, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son.
4. Herren sa til han: «Kall han Jisreel! For om ikkje lenge vil eg straffa Jehus hus for blodbadet i Jisreel og gjera ende på kongedømet i Israel.
5. Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»