Høgsongen 8:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Var du som ein bror for meg,ein som mor mi hadde amma,då ville eg ha kyst degnår vi møttest ute,og ingen hadde forakta meg.

2. Så leidde eg deg til huset åt mor mi,ho som hadde fostra meg.Eg skulle skjenkt deg krydra vinog saft av granatepla mine.

3. Venstre armen hans er under hovudet mitt,med den høgre held han rundt meg.

4. Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer!Kvifor uroar de kjærleiken,kvifor vekkjer de han før han sjølv vil?

Høgsongen 8