Høgsongen 4:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så vakker du er, mi kjære!Så vakker du er! Auga dine er duer bak sløret!Håret ditt er som ein geiteflokk,strøymande nedover Gileads fjell.

2. Tennene dine er som nyklipte sauersom kjem frå vask.Tvillingar har dei alle,og ingen har mista eit lam.

3. Leppene dine er som skarlaksband,og munnen din er herleg.Som ei skive av eit granatepleer tinningen bakom sløret.

4. Halsen din er som Davidstårnet,mura av hoggen stein.Tusen skjold heng på det,alle rundskjolda til heltane.

5. Brysta dine er som to gasellkalvar,tvillingar som beiter mellom liljene.

Høgsongen 4