15. Difor er Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde for å kjøpa oss fri frå lovbrota i den første pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova dei.
16. Når det ligg føre eit testamente, må det stadfestast at den som har oppretta det, er død.
17. Testamentet tek til å gjelda først når opphavsmannen døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.
18. Difor vart heller ikkje den første pakta oppretta utan blod.
19. For då Moses hadde kunngjort kvart bod i lova for alt folket, tok han blodet av kalvane og bukkane, saman med vatn, skarlaksraud ull og isop, og dynka både på bokrullen og på alt folket
20. og sa: «Dette er paktblodet; denne pakta har Gud fastsett for dykk.»
21. Like eins dynka han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.
22. Etter lova blir nesten alt reinsa med blod, og utan at blod blir utrent, finst det inga tilgjeving.
23. Så må dei då reinsast på denne måten, dei jordiske etterlikningane av det som er i himmelen. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.
24. For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen og stig no fram for Guds andlet for vår skuld.
25. Han gjekk heller ikkje inn for å bera fram seg sjølv som offer fleire gonger, slik øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige.
26. Då måtte han ha lide mange gonger heilt frå verda vart grunnlagd. Men no, ved endetida, har han stige fram éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.
27. Slik alle menneske må døy éin gong og sidan koma for dommen,