Hebrearane 8:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen.

2. Der gjer han teneste i heilagdomen, den sanne teltheilagdomen, som er reist av Herren sjølv og ikkje av menneske.

3. Kvar øvsteprest blir innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram.

4. Viss han hadde vore på jorda no, hadde han ikkje vore prest, for her er det andre som ber fram offergåvene etter lova.

5. Men dei gjer teneste i ein heilagdom som berre er ei etterlikning og ein skugge av den himmelske. Det ser vi av ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa teltheilagdomen: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet som vart vist deg på fjellet.»

6. Men no har Kristus fått ei mykje høgare presteteneste, sidan han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader.

7. Dersom det ikkje hadde vore noko å utsetja på den første pakta, hadde det ikkje vore bruk for ei anna.

8. Men Gud har noko å utsetja på folket når han seier: Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,

9. ikkje som den pakta eg gjorde med fedrane deira den dagen eg tok dei i handa og førte dei ut frå Egypt. For dei vart ikkje ståande i mi pakt, og eg brydde meg ikkje om dei, seier Herren.

Hebrearane 8