Hebrearane 7:18-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda fordi det var veikt og utan verdi.

19. For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.

20. Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid,

21. men denne vart innsett med eid av Gud, som seier: Herren har svore og angrar det ikkje: Du skal til evig tid vera prest.

22. Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.

23. Dessutan har det vore fleire slike prestar, for døden hindra dei i å halda fram.

24. Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, fordi han er og blir til evig tid.

25. Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.

26. Ja, ein slik øvsteprest var det vi trong: heilag, utan vondskap, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane.

27. Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, først for sine eigne synder og så for syndene til folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv.

28. Dei som lova set inn som øvsteprestar, er veike menneske. Men gjennom ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, blir Sonen innsett, han som for evig har nådd fram til fullendinga.

Hebrearane 7