Hebrearane 7:17-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Han får då dette vitnemålet: Du skal til evig tid vera prest av same slag som Melkisedek.

18. Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda fordi det var veikt og utan verdi.

19. For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.

20. Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid,

Hebrearane 7