1. Lat oss difor vera på vakt så det ikkje skal visa seg at nokon av dykk blir liggjande etter, sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno gjeld.
2. For den gode bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, vart til inga nytte, fordi dei ikkje vart eitt i trua saman med dei som høyrde det.
3. Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa: Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd.