Hebrearane 3:7-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Difor, som Den heilage ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst,

8. så gjer ikkje hjartet dykkar hardt som under opprøret, den dagen dei utfordra meg i ørkenen.

9. Der utfordra dei meg, fedrane dykkar, og sette meg på prøve, endå dei hadde sett mine gjerningar

10. i førti år. Difor fekk eg avsky for denne slekta og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.

Hebrearane 3