Hebrearane 3:6-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men som son er Kristus sett til å styra huset hans. Og vi er hans hus, så sant vi held fast på frimodet og den vona vi er stolte av.

7. Difor, som Den heilage ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst,

8. så gjer ikkje hjartet dykkar hardt som under opprøret, den dagen dei utfordra meg i ørkenen.

9. Der utfordra dei meg, fedrane dykkar, og sette meg på prøve, endå dei hadde sett mine gjerningar

10. i førti år. Difor fekk eg avsky for denne slekta og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.

11. Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

12. Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande i hjartet og fell frå den levande Gud.

13. Set heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda.

14. For vi har del i Kristus, så sant vi heilt til det siste held fast på det grunnlaget som vi hadde i den første tida.

Hebrearane 3