Hebrearane 3:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Eit hus må alltid vera bygd av nokon, men den som har bygd alt, det er Gud.

5. Moses var trufast som tenar i heile Guds hus. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast.

6. Men som son er Kristus sett til å styra huset hans. Og vi er hans hus, så sant vi held fast på frimodet og den vona vi er stolte av.

7. Difor, som Den heilage ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst,

8. så gjer ikkje hjartet dykkar hardt som under opprøret, den dagen dei utfordra meg i ørkenen.

9. Der utfordra dei meg, fedrane dykkar, og sette meg på prøve, endå dei hadde sett mine gjerningar

10. i førti år. Difor fekk eg avsky for denne slekta og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.

11. Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

Hebrearane 3