Hebrearane 12:8-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Blir de ikkje viste til rette som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.

9. Vi har hatt våre jordiske fedrar som oppdrog oss, og vi hadde respekt for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under Far til åndene, så vi kan leva?

10. For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han.

11. All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.

Hebrearane 12