1. Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss,
2. med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.
3. Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.
4. I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det har kosta blod.
5. Har de gløymt den formaninga som talar til dykk som til born: Son min, forakt det ikkje når Herren viser deg til rette, mist ikkje motet når han refsar.
6. For den Herren elskar, viser han til rette, og han straffar kvar son han tek seg av.
7. Hald ut og lat dykk oppdra, for Gud tek seg av dykk som søner. Ja, lat meg få sjå ein son som faren ikkje viser til rette!
8. Blir de ikkje viste til rette som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.