Hebrearane 12:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss,

2. med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.

3. Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.

4. I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det har kosta blod.

5. Har de gløymt den formaninga som talar til dykk som til born: Son min, forakt det ikkje når Herren viser deg til rette, mist ikkje motet når han refsar.

Hebrearane 12