Hebrearane 11:19-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Han rekna med at Gud hadde makt også til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att – i dette ligg det eit førebilete.

20. I tru var det Isak velsigna Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.

21. I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Og bøygd over toppen på staven sin lovprisa han og tilbad.

22. I tru tala Josef då han låg på det siste, om Israelsfolket og deira utgang frå Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med knoklane hans.

23. I tru gøymde foreldra til Moses den nyfødde guten i tre månader. For dei såg at det var eit vakkert barn, og lét seg ikkje skremma av kongens bod.

24. I tru nekta Moses, då han vart stor, å kallast dotterson til farao.

25. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn å nyta synda ei kort tid.

26. Å lida vanære for Kristi skuld heldt han for ein større rikdom enn skattane i Egypt, for han såg fram til løna.

27. I tru drog han bort frå Egypt utan å ottast kongens vreide. Han heldt ut, for det var som om han såg den usynlege.

28. I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så øydeleggjaren ikkje skulle røra dei førstefødde hos israelittane.

29. I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over tørt land, men då egyptarane freista det same, drukna dei.

30. Ved tru fall Jerikos murar då folket hadde gått rundt dei i sju dagar.

31. I tru vart Rahab, ho som var prostituert, berga så ho ikkje mista livet saman med dei ulydige, for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet.

32. Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.

Hebrearane 11