Hebrearane 11:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda.

14. Dei som talar slik, viser at dei lengtar etter eit fedreland.

15. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å venda attende.

16. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei.

17. I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Sin einaste son var han villig til å ofra, endå han hadde fått lovnadene

18. og dette hadde vorte sagt til han: «Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.»

19. Han rekna med at Gud hadde makt også til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att – i dette ligg det eit førebilete.

20. I tru var det Isak velsigna Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.

21. I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Og bøygd over toppen på staven sin lovprisa han og tilbad.

22. I tru tala Josef då han låg på det siste, om Israelsfolket og deira utgang frå Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med knoklane hans.

23. I tru gøymde foreldra til Moses den nyfødde guten i tre månader. For dei såg at det var eit vakkert barn, og lét seg ikkje skremma av kongens bod.

24. I tru nekta Moses, då han vart stor, å kallast dotterson til farao.

25. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn å nyta synda ei kort tid.

26. Å lida vanære for Kristi skuld heldt han for ein større rikdom enn skattane i Egypt, for han såg fram til løna.

Hebrearane 11