Haggai 2:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tjueførste dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord gjennom profeten Haggai:

2. Sei til Serubabel, son til Sjealtiel, statthaldaren i Juda, og til Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og til dei som er att av folket:

3. Er det nokon att mellom dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva ser de no? Ser det ikkje ut som ingenting?

4. Men no, Serubabel: Ver sterk!seier Herren.Josva, son til Jehosadak,du øvsteprest: Ver sterk!Heile folket i landet: Ver sterke!seier Herren.Gå i gang med arbeidet.For eg er med dykk,seier Herren over hærskarane.

5. Denne lovnaden gav eg dykkdå de drog ut frå Egypt.Min Ande er mellom dykk.Ver ikkje redde!

Haggai 2