1. No vil eg stå på vakt,stilla meg på muren og speidaog sjå kva han vil seia til meg,kva svar eg får på mitt klagemål.
2. Herren svara meg:Skriv synet tydeleg på tavlerså det blir lett å lesa!
3. For synet ventar på si fastsette tid,det vitnar om enden, og det lyg ikkje.Om det dryger, så berre vent!For koma skal det, det kjem ikkje for seint!
4. Sjå, i han er det ei oppblåsen og uærleg sjel.Men den rettferdige skal leva ved sin truskap.
5. Sanneleg, vinen er trulaus.Den stolte skal ikkje nå sitt mål.Som dødsriket spilar han opp gapet,han er umettande som døden.Han samlar alle folkeslag hos seg,sankar saman alle folk.
6. Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, med spottord og gåter. Dei skal seia:Ve den som skaffar seg rikdom som ikkje er hans– kor lenge? –og gjer seg rik på pantsett gods!