12. Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa å bli forfølgde på grunn av Kristi kross.
13. For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan vera stolte av det som er gjort med kroppen dykkar.
14. Men eg vil aldri i livet vera stolt av noko anna enn vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda.
15. For det som tel, er ikkje å vera omskoren eller å vera uomskoren, men å vera ein ny skapning.
16. Alle som følgjer denne rettesnora – fred og miskunn vere med dei og med Guds Israel!
17. Heretter må ingen plaga meg meir, for eg ber Jesu merke på kroppen min.