Forkynnaren 7:14-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Er dagen god, så nyt han!Men er dagen vond, skal du tenkja påat det er Gud som har gjort det slikat den eine dagen kjem etter den andre,så menneska ikkje skal vitakva dagen som kjem, har med seg.

15. Alt dette har eg setti mine kortvarige levedagar.Den rettferdige kan gå til grunnesjølv om han lever rettferdig,og den urettferdige kan leva lengetrass i sin vondskap.

16. Ver ikkje altfor rettferdig,og vis deg ikkje for klok!Kvifor vil du øydeleggja deg sjølv?

17. Ver ikkje altfor urettferdig,og ver ikkje ein dåre!Kvifor vil du døy før tida?

18. Det er godt at du held fast på det eineog heller ikkje slepper det andre.For den som har ærefrykt for Gud,skal lukkast med begge delar.

19. Visdom gjer vismannen sterkareenn ti mektige menn i byen.

20. Det finst ikkje eit rettferdig menneske på jordasom berre gjer godt og aldri syndar!

21. Bry deg heller ikkje omalt det folk seier,elles kan det henda du må høyraat slaven din forbannar deg.

22. Du veit då i hjartet ditt at du ògmang ein gong har forbanna andre.

23. Alt dette ville eg prøva med hjelp av visdomen.Eg sa: Eg vil vinna visdom,men han var langt borte frå meg.

24. Det som hender, er langt borteog djupt, djupt nede.Kven kan få tak i det?

25. Eg vigde hjartet mitt til å granska og leita,til å søkja etter visdom og samanheng;eg ville skjøna at lovløyse er tåpeleg,at dårskap er vanvit.

26. Då fann eg at beiskare enn dødener den kvinna som set snarer;hennar hjarte er eit garn og hendene lenkjer.Den som er god i Guds auge, slepp ifrå henne,men den som syndar, fangar ho.

27. Sjå, dette fann eg, seier Forkynnaren,då eg la det eine til det andreog ville finna ein samanheng.

28. Eg leita støtt, men fann han ikkje.Eit einaste menneske fann eg mellom tusen,men aldri fann eg ei kvinne mellom dei.

29. Sjå, dette er det einaste eg har funne:Gud gjorde mennesket rakt og rett,men dei prøver så mange slag påfunn.

Forkynnaren 7