Forkynnaren 2:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg sa i hjartet mitt:Gå no, prøv gledaog nyt det som er godt!Men det òg var slikt som forgår.

2. Om latteren sa eg: Han er ein narr,og om gleda: Kva tener ho til?

3. Eg ville la kroppen nyta vin,medan hjartet styrte meg med visdom.Eg ville prøva dårskapen,heilt til eg skjøna kva som er godt for menneskaden korte tida dei lever under himmelen.

4. Så sette eg store ting i verk:Eg bygde hus og planta vinmarker,

5. eg stelte til hagar og parkarog sette alle slag frukttre i dei.

6. Eg bygde dammar til å vatnalundar med frodige tre.

7. Eg kjøpte slavar og slavekvinner,eg hadde slavar som var fødde i mitt hus.Eg fekk meg meir storfe og småfeenn nokon hadde hattfør meg i Jerusalem.

8. Eg samla meg sølv og gull,og kongelege skattar frå andre rike.Eg fekk meg songarar og songarinnerog det som er ei lyst for menn,kvinner og atter kvinner.

Forkynnaren 2