Forkynnaren 10:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Daude fluger får salveblandarens olje til å stinka og bobla,eit grann dårskap veg meir enn visdom og ære.

2. Den vises hjarte fører rette vegen,men dårens tanke fører gale av stad.

3. Sjølv når dåren ferdast på gata,manglar han vit.Han kunngjer for alle at han er dum.

4. Om herskaren blir harm på deg,så gå ikkje frå plassen din;sinnsro kan hindra store feilsteg.

5. Ein uting har eg sett under sola,eit mistak av den som sit med makta:

6. Dårskap vart sett i høgsetet,medan rikfolk sat nedst ved bordet.

7. Eg såg slavar til hestog fyrstar til fots lik slavar.

8. Den som grev ei grav,kan sjølv falla nedi;den som riv eit grensegjerde,kan bli biten av ein orm.

9. Den som bryt stein, kan skada seg.Den som kløyver trestammar, kan koma i fare.

10. Når øksa ikkje bit og egga er uslipt,må han bruka dess større kraft.Men den duglege veit å bruka visdomen sin.

11. Om ormen høgg før maningsord er sagt,kva gagn har manaren då av si kunst?

12. Ord frå den vises munn vinn velvilje,men dårens lepper gjev han forderving.

Forkynnaren 10