Forkynnaren 1:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem.

2. Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt!

3. Kva har mennesket att for sitt strev,for alt det strevar med under sola?

4. Slekter går, og slekter kjem,men jorda er alltid den same.

5. Sola går opp, og sola går ned,så stundar ho attendetil staden ho går opp.

6. Ho skin og går mot sør,så snur ho og går mot nord,medan vinden snur og skifterog tek til med rundgangen på nytt.

7. Alle elvar renn ut i havet,men havet blir ikkje fullt;dit elvane før har runne,held dei fram med å renna.

8. Alle ting går sin strevsame gang,menneskeord strekk ikkje til.Auget blir ikkje mett av å sjå,og øyret blir ikkje fullt av å høyra.

9. Det som har hendt, skal henda igjen,og det som vart gjort, skal gjerast på nytt.Ingen ting er nytt under sola.

10. Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt»,har det likevel hendt i tidlegare tider,lenge før oss.

11. Ingen minnest det som hende før.Og det som skal koma,vil heller ingen hugsai slektene som følgjer.

12. Eg, Forkynnaren, var kongeover Israel, i Jerusalem.

13. Eg la meg på hjartet å undersøkjaog granska med visdomalt som blir gjort under himmelen.Det er eit vondt strevGud har gjeve menneskaå plaga seg med.

14. Eg såg på kvar gjerningsom blir gjord under sola.Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden!

15. Det som er kroket, kan ingen retta opp.Det som manglar, kan ingen telja.

Forkynnaren 1