Filipparane 4:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette – og fredens Gud skal vera med dykk.

10. Det gleder meg storleg i Herren at dykkar omsorg for meg no skyt nye skot. De har nok hatt omtanke for meg før òg, men då hadde de ikkje høve til å gjera noko med det.

11. Eg seier ikkje dette fordi eg leid naud, for eg har lært å klara meg med det eg har.

12. Eg veit kva det er å ha lite,eg veit kva det er å ha overflod.I alt og i alle ting er eg innvigd,å vera mett og vera svolten,å ha overflod og ha for lite.

13. Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

Filipparane 4