Filipparane 4:12-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Eg veit kva det er å ha lite,eg veit kva det er å ha overflod.I alt og i alle ting er eg innvigd,å vera mett og vera svolten,å ha overflod og ha for lite.

13. Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

14. Likevel gjorde det meg godt at de stod saman med meg då eg var i naud.

15. De veit sjølve, filipparar, at i den første tida eg forkynte evangeliet, då eg hadde fare frå Makedonia, var de den einaste forsamlinga som førte rekneskap med meg over gjeve og motteke.

16. Alt då eg var i Tessalonika, sende de meg både ein og to gonger det eg trong.

17. No er det ikkje gåva eg er ute etter, men frukta av gåva, og den skal rikeleg godskrivast dykk.

18. Med dette stadfester eg at alt er motteke, og at eg no har nok. Ja, eg har meir enn nok etter at Epafroditus kom med sendinga frå dykk. Det var som ein god ange, eit offer Gud tek imot med glede.

Filipparane 4