Filipparane 2:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn,

2. så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn.

3. Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

4. Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.

Filipparane 2