Filipparane 2:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn,

2. så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn.

3. Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

4. Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.

5. Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!

6. Han var i Guds skapnadog såg det ikkje som eit rovå vera Gud lik,

7. men gav avkall på sitt eige,tok ein tenars skapnadog vart menneske lik.Då han stod fram som menneske,

8. fornedra han seg sjølvog vart lydig til døden, ja, døden på krossen.

9. Difor har òg Gudopphøgd han til det høgsteog gjeve han namnet over alle namn.

10. I Jesu namn skal diforkvart kne bøya seg,i himmelen, på jorda og under jorda,

11. og kvar tunge vedkjennaat Jesus Kristus er Herre,til Gud Faders ære!

12. Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt.

13. For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.

Filipparane 2