Filipparane 1:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar:

2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3. Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk.

4. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede.

5. For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet.

6. Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Filipparane 1