Ester 9:28-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Desse dagane skulle minnast og feirast gjennom alle tider og i alle slekter, i kvar provins og i kvar by. Purim-dagane skulle aldri falla bort mellom jødane, og aldri gå av minne hos etterkomarane deira.

29. Dronning Ester, dotter til Abihajil, og jøden Mordekai skreiv eit offisielt brev for å stadfesta det andre brevet om purim.

30. Og Mordekai sende brev til alle jødane i dei 127 provinsane i riket til Xerxes med ønske om fred og tryggleik.

31. Dei skulle feira desse purim-dagane til fastsett tid, slik jøden Mordekai og dronning Ester hadde sagt, og slik dei òg hadde lova for seg og sine etterkomarar, med ord om faste og klage.

Ester 9