Ester 9:25-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Dette kom fram for kongen. Då baud han i eit brev at dei vonde planane som Haman hadde lagt mot jødane, skulle koma over hans eige hovud. Slik vart både han og sønene hans hengde på pålen.

26. Difor blir desse dagane kalla «purim», etter ordet «pur». På grunn av alt som stod i dette brevet, og på grunn av det dei hadde sett og opplevd,

27. gjorde jødane det til tradisjon for seg sjølve, for sine etterkomarar, og for alle som ville slutta seg til dei, at dei kvart år, utan unnatak, skulle feira desse to dagane til fastsett tid, som det var skrive.

Ester 9