1. Den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar, skulle kongens ord og lov setjast i verk. Fiendane av jødane hadde vona at dei skulle få makt over dei på denne dagen, men no hende det motsette; det var jødane som fekk makt over alle som hata dei.
2. Jødane samla seg i byane sine i alle provinsane til kong Xerxes for å leggja hand på alle som ville dei vondt. Det var ingen som kunne stå imot dei, for det hadde kome ei redsle for dei over alle folk.
3. Alle leiarane i provinsane, satrapane, statthaldarane og kongens tenestemenn støtta jødane. Det hadde kome over dei ei redsle for Mordekai,