6. Korleis skal eg klara å sjå på det vonde som elles vil råka folket mitt, og korleis skal eg klara å sjå at slekta mi blir øydelagd?»
7. Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «Sjå, huset til Haman har eg gjeve til Ester, og sjølv har han vorte hengd på ein påle fordi han ville leggja hand på jødane.
8. Set no opp eit skriv om jødane i kongens namn, slik de finn det best, og set kongens segl på det med signetringen hans. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsegla med kongens signetring, kan ikkje kallast attende.»
9. Kongens skrivarar vart straks kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, det er månaden sivan. Dei skreiv alt ned slik Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og leiarane i provinsane frå India til Kusj, 127 i alt, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk på det språket dei tala, også til jødane med den skrifta dei brukte og på det språket dei tala.
10. Breva vart skrivne i namnet til kong Xerxes, forsegla med kongens signetring og sende med ilbod som reid på raske hestar frå kongens eigen stall.