Ester 6:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. skal ein gje kongelege klede som kongen sjølv har bore, og ein hest som kongen sjølv har ride på, og som har fått ei kongeleg krone på hovudet.

9. Lat ein av kongens fremste stormenn ta hand om kleda og hesten. Dei skal ta kleda på den mannen som kongen ønskjer å heidra, og la han ri på hesten over torget i byen medan dei ropar framfor han: Slik gjer ein med den som kongen ønskjer å heidra!»

10. Kongen sa til Haman: «Skund deg, ta kleda og hesten, slik som du sa, og gjer dette med jøden Mordekai som sit i slottsporten! Gløym ikkje noko av alt det du har sagt.»

11. Så tok Haman kleda og hesten, kledde Mordekai og lét han ri over torget i byen medan han ropa framfor han: «Slik gjer ein med den som kongen ønskjer å heidra!»

12. Så vende Mordekai attende til slottsporten, og Haman skunda seg heim, i sorg og med tildekt hovud.

13. Haman fortalde kona si, Seresj, og alle venene sine alt som hadde hendt. Då sa vismennene og kona hans, Seresj, til han: «Er han av jødisk ætt, denne Mordekai som no held på å få deg i kne, så kjem du ingen veg med han. Han kjem til å bli ditt fall.»

14. Medan dei enno snakka med han, kom kongens evnukkar. Dei førte straks Haman til festen som Ester heldt.

Ester 6