1. Den natta fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta krønika over minneverdige hendingar, og dei las høgt for kongen.
2. Dei fann at det stod skrive korleis Mordekai hadde fortalt om dørvaktarane Bigtana og Teresj, to av evnukkane til kongen, som hadde leita etter eit høve til å leggja hand på kong Xerxes.
3. Då spurde kongen: «Kva heider og ære har Mordekai fått for dette?» Dei unge mennene som tente kongen, svara: «Det er ikkje gjort noko for han.»
4. Så sa kongen: «Kven står ute i slottsgarden?» Haman hadde nettopp kome inn i den ytre slottsgarden for å be kongen om at Mordekai måtte bli hengd på pålen som han hadde reist for han.
5. No svara kongens unge menn: «Sjå, det er Haman som står ute i slottsgarden.» Kongen sa: «Lat han koma inn!»
6. Haman kom inn, og kongen spurde han: «Kva kan ein gjera for ein mann som kongen ønskjer å heidra?» Haman tenkte med seg sjølv: «Kven andre enn meg skulle kongen ønskja å heidra?»