3. Kongen sa til henne: «Dronning Ester, kva vil du? Er det noko du ønskjer? Om det så er halve riket, skal det bli gjeve deg.»
4. Ester svara: «Om kongen finn det for godt, ville eg gjerne at kongen og Haman i dag skulle koma til festen eg vil halda for han.»
5. Kongen sa: «Hent straks Haman og gjer slik Ester har sagt.»Så kom kongen og Haman til festen som Ester heldt.
6. Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.»
7. Ester svara: «Det eg bed om og ønskjer er dette:
8. Dersom kongen ser på meg med velvilje og han finn det for godt å gje meg det eg bed om og oppfylla det eg ønskjer, så ville eg gjerne at kongen og Haman skulle koma til festen eg vil halda for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»