Ester 3:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid etter dette gav kong Xerxes høgare rang til Haman, son til Hammedata, agagitten. Han heidra han og sette han høgare enn alle stormennene som var saman med han.

2. Alle kongens tenarar i slottsporten fall på kne og bøygde seg ned for Haman, for det hadde kongen gjeve påbod om. Men Mordekai fall ikkje på kne og bøygde seg ikkje.

3. Kongens tenarar i slottsporten spurde Mordekai: «Kvifor bryt du kongens bod?»

4. Dei snakka til han dag etter dag, men han høyrde ikkje på dei. Då fortalde dei det til Haman for å sjå om Mordekais grunn vart godteken. For han hadde fortalt dei at han var jøde.

5. Då Haman såg at Mordekai ikkje fall på kne og ikkje bøygde seg for han, vart han fylt av sinne.

Ester 3