Esra 7:13-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Dette påbodet gjev eg: Alle i mitt rike av Israelsfolket, også prestar og levittar, som vil reisa til Jerusalem saman med deg, kan få reisa.

14. For du er send av kongen og dei sju rådgjevarane hans for å granska tilhøva i Juda og Jerusalem ut frå din Guds lov, som du har i di hand.

15. Du skal ta med deg sølv og gull som kongen og hans rådgjevarar frivillig har gjeve til Israels Gud, han som har bustaden sin i Jerusalem,

16. og alt sølvet og gullet som du finn i heile provinsen Babel, saman med dei gåvene som folket og prestane frivillig gjev til Guds hus i Jerusalem.

17. For desse pengane skal du samvitsfullt kjøpa oksar, vêrar og lam, og dei grødeoffer og drikkoffer som høyrer til. Og du skal ofra dette på altaret i dykkar Guds hus i Jerusalem.

18. Resten av sølvet og gullet skal du og brørne dine bruka slik de meiner er godt etter dykkar Guds vilje.

19. Men det utstyret som du har fått til tenesta i Guds hus, skal du overlevera framfor Jerusalems Gud.

20. Resten av det som trengst i huset til din Gud, og som det fell på deg å skaffa, skal du få frå kongens skattkammer.

21. Eg, kong Artaxerxes, byd alle skattmeistrane i provinsen Bortanfor Eufrat: Alt det presten Esra, skriftlærd i lova til himmelens Gud, bed dykk om, skal han få fullt ut:

22. inntil 100 talentar sølv, 100 kor kveite, 100 bat vin, 100 bat olje og salt så mykje han vil ha.

23. Alt himmelens Gud byd, skal de gjera med iver for hans hus. Elles skal vreide koma over riket til kongen og sønene hans.

24. Vi kunngjer for dykk at verken skatt, toll eller avgifter kan leggjast på nokon av prestane, levittane, songarane, portvaktene, tempeltenarane eller andre som gjer teneste i dette Guds hus.

25. Og du, Esra, med visdom frå din Gud i hendene dine: Set inn skrivarar og dommarar til å dømma mellom alt folket i provinsen Bortanfor Eufrat, alle som kjenner lovene til din Gud. Og den som ikkje kjenner dei, skal de undervisa.

Esra 7