Esra 6:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då baud kong Dareios at ein skulle granska arkiva over dei skattane som var lagra i Babel.

2. I borga i Ahmeta, som ligg i provinsen Media, vart det funne ein bokrull. På den stod det skrive:«Kunngjering.

3. I det første året Kyros var konge, gav han dette påbodet om Guds hus i Jerusalem: Det skal byggjast opp att og bli ein stad der ein ber fram offer. Grunnvollane skal gjenreisast. Huset skal vera seksti alner høgt og seksti alner breitt,

4. med tre lag tilhoggen stein og eitt lag nytt tømmer. Utgiftene skal dekkjast av kongehuset.

5. Og utstyret av gull og sølv frå Guds hus, som Nebukadnesar tok ut av tempelet i Jerusalem og førte til Babel, skal gjevast tilbake. Det skal førast til tempelet i Jerusalem og setjast på plass i Guds hus.

6. No skal du, statthaldar Tattenai frå provinsen Bortanfor Eufrat, og du, Sjetar-Bosnai, og embetsbrørne dykkar, embetsmennene i provinsen, halda dykk langt borte derifrå.

7. Hald dykk unna arbeidet på dette Guds hus! Lat statthaldaren og dei eldste hos judearane få byggja huset på same staden som før.

Esra 6