Esra 5:10-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Vi spurde dei òg kva dei heitte, så vi kunne skriva ned namna på leiarane og la deg få vita det.

11. Dette var svaret dei gav oss: ‘Vi er tenarar for han som er Gud i himmelen og på jorda, og vi byggjer opp att det huset som vart reist her ein gong for mange år sidan. Det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførte det.

12. Men fedrane våre gjorde himmelens Gud harm. Difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babel. Han øydela dette huset og førte folket i eksil til Babel.

13. Men i det første året Kyros var konge i Babel, gav han ordre om at Guds hus skulle byggjast opp att.

Esra 5