Esra 4:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. No skal kongen vita at dersom denne byen blir bygd opp att og murane blir fullførte, så vil dei verken betala skattar, toll eller avgifter, og dette kjem til å skada kongedømet.

14. Sidan vi et av palasset sitt salt, sømer det seg ikkje for oss å sjå på at kongen blir vanæra. Difor melder vi no frå om dette til kongen,

15. så ein kan granska i krønikeboka til fedrane dine. I denne boka vil du finna at dette har vore ein opprørsk by som har vore til skade for kongar og provinsar. Sidan tidlege tider har det vore uro der, og difor er denne byen vorten øydelagd.

16. Vi gjer kjent for kongen at dersom byen blir bygd opp att og murane fullførte, så kjem du ikkje til å ha land bortanfor Eufrat.»

17. Kongen sende dette svaret:«Til rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og resten av embetsbrørne som bur i Samaria og elles i provinsen Bortanfor Eufrat: Fred!

18. Dokumentet som de sende oss, har eg fått omsett og opplese.

19. Eg gav ordre om ei gransking, og ein fann at denne byen frå tidlege tider har sett seg opp mot kongane. Det har vore opprør og uro der.

20. Mektige kongar har styrt over Jerusalem og rådd over heile provinsen Bortanfor Eufrat. Dei fekk inn skattar, avgifter og toll.

21. Gjev no påbod om å stansa desse mennene, så byen ikkje blir bygd opp att før det kjem ordre frå meg.

22. Ver ikkje ettergjevande i denne saka, elles kan det bli til endå større skade og tap for kongane.»

23. Så snart avskrifta av dokumentet frå kong Artaxerxes hadde vorte lesen for Rehum, skrivaren Sjimsjai og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad til judearane i Jerusalem og stansa dei med vald og makt.

24. Då vart arbeidet på Guds hus i Jerusalem avbrote, og det låg nede til det andre året av regjeringstida til persarkongen Dareios.

Esra 4