Esra 3:5-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Deretter bar dei fram det daglege brennofferet og brennoffer for nymånedagane og for alle andre høgtider som var helga til Herren, og like eins alle frivillige offer til Herren.

6. Den første dagen i den sjuande månaden tok dei til å bera fram brennoffer for Herren, sjølv om grunnvollen til Herrens tempel enno ikkje var lagd.

7. Dei gav pengar til steinhoggarane og tømrarane. Folka frå Sidon og Tyros lønte dei med mat, drikke og olje for at dei skulle føra sedertre frå Libanon sjøvegen til Jaffa, slik persarkongen Kyros hadde gjeve lov til.

Esra 3