1. Då den sjuande månaden kom og israelittane hadde busett seg i byane, samla folket seg alle som ein i Jerusalem.
2. Josva, son til Josadak, og brørne hans, prestane, og Serubabel, son til Sjealtiel, og brørne hans tok fatt på å byggja eit altar for Israels Gud. På det skulle dei ofra brennoffer, slik det står skrive i lova til gudsmannen Moses.
3. Dei reiste altaret der det før hadde stått, sjølv om dei frykta for folka i landområda omkring, og dei bar fram brennoffer til Herren, både morgonoffer og kveldsoffer.
4. Så feira dei lauvhyttefesten slik det står skrive, med så mange brennoffer som var fastsette for kvar einskild dag.