16. Men dei som hadde vore i eksil, gjorde som det var sagt. Presten Esra skilde ut nokre menn som var leiarar for kvar sin familie, alle nemnde med namn. Dei kom saman den første dagen i den tiande månaden for å granska saka.
17. På den første dagen i den første månaden vart dei ferdige med alle mennene som hadde teke til seg framande kvinner.
18. Ein fann at desse prestesønene hadde teke til seg framande kvinner: etterkomarar av Josva, son til Josadak, og brørne hans: Maaseja, Elieser, Jarib og Gedalja.
19. Dei gav handa på at dei skulle senda frå seg kvinnene sine, og dei ofra ein vêr som skuldoffer.
20. Etterkomarar av Immer: Hanani og Sebadja;
21. av Harim: Maaseja, Elia, Sjemaja, Jehiel og Ussia;
22. av Pasjhur: Eljoenai, Maaseja, Ismael, Netanel, Josabad og Elasa.
23. Av levittane: Josabad, Sjimi, Kelaja – det er den same som Kelita – Petahja, Juda og Elieser.