Esekiel 9:7-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Då sa han til dei: «Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!» Så fór dei av stad og hogg ned folk i byen.

8. Medan dei gjorde det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: «Å, Herre Gud, vil du tyna alt det som er att av Israel, sidan du auser ut din harme over Jerusalem?»

9. Han svara: «Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fylt av blod, og byen er full av urett. For dei seier: Herren har forlate landet; Herren ser ikkje noko.

10. Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller spara dei. Eg lèt gjerningane deira koma over deira eige hovud.»

11. Mannen som var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet, kom tilbake og sa ifrå: «Eg har gjort det du baud meg.»

Esekiel 9