1. Herrens ord kom til meg:
2. Du menneske! Så seier Herren Gud til Israels land:Enden kjem! Enden over dei fire verdshjørna.
3. No er enden over deg.Eg sender min vreide mot deg.Eg dømmer deg for di ferdog gjev deg att for alle dine avskyelege gjerningar.
4. Eg viser inga medkjensleog sparer deg ikkje.Du skal få att for di ferd,og dei avskyelege gjerningane dineskal koma over deg sjølv.Då skal de kjenna at eg er Herren.
5. Så seier Herren Gud:Ulukke, ei ulukke utan like!Sjå, ho kjem.
6. Enden kjem, ja, enden kjem,han vaknar mot deg. Sjå, han er her,
7. lagnadstimen kjem over deg som bur i landet.Tida er komen, dagen er nær!Forvirring rår, og ikkje eit glederop lyder over fjell.