Esekiel 48:22-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. saman med eigedomen til levittane og eigedomen til byen, skal liggja mellom det som høyrer fyrsten til. Det som ligg mellom områda til Juda og Benjamin, høyrer fyrsten til.

23. Så dei andre stammane:Frå aust til vest: Benjamin, éin del.

24. Langs Benjamin-området frå aust til vest: Simon, éin del.

25. Langs Simon-området frå aust til vest: Jissakar, éin del.

26. Langs Jissakar-området frå aust til vest: Sebulon, éin del.

27. Langs Sebulon-området frå aust til vest: Gad, éin del.

28. Langs Gad-området, langs grensa i Negev, mot sør, skal grensa gå frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj, langs elveleiet til Storhavet.

29. Dette er det landet de skal fordela mellom stammane i Israel til odel og eige; dette er dei delane stammane skal ha, seier Herren Gud.

30. Desse utgangane skal byen ha:På nordsida, som måler fire tusen fem hundre alner,

31. er det tre portar mot nord. Byportane skal ha namn etter stammane i Israel: Ruben-porten, Juda-porten og Levi-porten.

32. På austsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Josef-porten, Benjamin-porten og Dan-porten.

33. På sørsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Simon-porten, Jissakar-porten og Sebulon-porten.

34. På vestsida, som måler fire tusen fem hundre alner, er det tre portar: Gad-porten, Asjer-porten og Naftali-porten.

35. Omkrinsen skal vera på atten tusen alner.Namnet på byen skal frå denne dag vera «Herren er der».

Esekiel 48