Esekiel 48:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Det fem tusen alner breie området som er att av det tjuefem tusen alen lange området, skal høyra til byen og ikkje vera heilagt, men brukast til bustader og beitemarker. Byen skal liggja midt i det.

16. Desse måla har byen: nordsida fire tusen fem hundre alner, sørsida fire tusen fem hundre, austsida fire tusen fem hundre og vestsida fire tusen fem hundre.

17. Det skal vera beitemarker til byen, i nord to hundre og femti alner, i sør to hundre og femti, i aust to hundre og femti og i vest to hundre og femti.

18. Det som er att langs det heilage området, er ti tusen alner mot aust og ti tusen mot vest. Grøda derifrå skal vera til brød for arbeidarane i byen.

19. Arbeidarane i byen skal dyrka det, arbeidarar frå alle stammane i Israel.

20. Heile området skal vera tjuefem tusen gonger tjuefem tusen alner, eit kvadrat. De skal skilja ut det heilage området saman med byens eigedom.

Esekiel 48