Esekiel 47:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Atter målte han opp tusen alner. No var det ei elv som eg ikkje kunne vada over. For vatnet hadde stige til ei elv der ein måtte symja; ho lét seg ikkje vada.

6. Han sa til meg: «Ser du, menneske?» Så førte han meg tilbake til elvebredda.

7. Og sjå, då eg kom tilbake, var det ei mengd med tre langs elva på begge sider.

8. Han sa til meg: «Dette vatnet renn til områda i aust og ned på Araba-sletta. Når det renn ut i sjøen, blir vatnet der friskt.

9. Alle levande skapningar som det kryr av alle stader der denne elva renn, skal få leva. Der skal det bli ei mengd med fisk. For der dette vatnet kjem, blir alt friskt og levande, alt som er der elva renn.

10. Det skal stå fiskarar frå En-Gedi til En-Eglajim. Der skal det vera tørkeplass for garn. Det skal finnast fisk av same slag som i Storhavet, i store mengder.

11. Men myrane og sumpane skal ikkje bli friske. Av dei skal det vinnast ut salt.

12. På kvar side av elva skal det veksa alle slags tre til å eta av. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt, for vatnet dei får, kjem frå heilagdomen. Frukta skal vera til føde, og blada skal gje helse.»

13. Så seier Herren Gud: Dette er dei grensene de skal ha når de deler landet mellom dei tolv Israel-stammane. Josef skal ha to delar.

14. De skal ta det i eige, den eine like mykje som den andre. Med lyft hand lova eg å gje det til fedrane dykkar, og no skal landet falla på dykk til odel og eige.

15. Dette er landegrensene.I nord: frå Storhavet over Hetlon, Lebo-Hamat og Sedad,

Esekiel 47