Esekiel 47:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. De skal ta det i eige, den eine like mykje som den andre. Med lyft hand lova eg å gje det til fedrane dykkar, og no skal landet falla på dykk til odel og eige.

15. Dette er landegrensene.I nord: frå Storhavet over Hetlon, Lebo-Hamat og Sedad,

16. Berota og Sibrajim – mellom Damaskus-området og Hamat-området – til Hasar-Enon ved Havran-området.

17. Grensa går frå havet til Hasar-Enon. I nord ligg områda til Damaskus og Hamat. Dette er nordgrensa.

18. I aust: mellom Havran og Damaskus, mellom Gilead og Israels-landet, er Jordan grensa heilt til sjøen i aust, til Tamar. Dette er austgrensa.

19. I Negev, mot sør: frå Tamar til vatnet ved Meribat-Kadesj og vidare langs elveleiet til Storhavet. Dette er grensa i Negev, mot sør.

20. I vest: Storhavet dannar grense til ein kjem på høgd med Lebo-Hamat. Dette er vestgrensa.

21. De skal dela dette landet mellom dykk, mellom stammane i Israel.

Esekiel 47